Bli meir synleg på nett

Digital strategi

Saman skal vi lage ein strategi over korleis du ønska å bli meir synleg på sosiale medium.

Identitet

Eg hjelp deg med å skape tydeleg identitet og profil for di merkevare.

Skap engasjement

Kontinuerleg posting av tilpassa innhald for di bedrift.

Fjord Marketing

Kven er eg?

Eg er opprinneleg frå Ålesund, men er no busatt i eit av Noreg sitt vakraste og mest spektakulære område, Fjord på Sunnmøre. Områda kring her finst det mykje spanande lokal mat og drikke, opplevelsar, natur, plassar å overnatte med meir. SoMe har for meg vore ei interesse heile livet. Eg har derfor naturleg engasjert meg for å auke den digitale synlegheita i fleire av dei tidlegare arbeidsplassane eg har hatt, i tillegg til andre oppgåve. Dette har gitt meg rom og erfaring til å tenkje kreativt på korleis ein kan formidle bilete, tekst og video for å ta med seg følgjarane inn i varmen. Reiseliv/turisme/overnatting er noko av det eg har mest erfaring med. Eg har eit stort ønskje om at fleire skal få vite om alle dei unike og lokale opplevingane og produkta som finns i områda.

Ta kontakt

Kontaktskjema